Sommaraktivitetar for ungdom i Fjell, Sund og Øygarden

Sommaraktivitetar for ungdom 13 (12) – 18 år er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane i region vest, Fjell, Sund og Øygarden.

Her finn du aktivitetar som passar for alle.  For å vere med må du melde deg på ved å følgje lenka til påmelding under kvar aktivitet.

All påmelding er bindande med førehandsbetaling. Berre viss aktiviteten blir avlyst blir deltakaravgifta tilbakebetalt. Påmeldinga opnar 9. juni, og du kan melde deg på fram til dagen før aktiviteten.

Nokre av aktivitetane vert fort fylt opp, så det er lurt å vera tidleg ute med påmeldinga. Ver nøye med rett kontaktinformasjon ved påmelding! Ved avlysing av aktiviteten vil du få melding på mobilen.

Aktivitetar med få påmelde kan bli avlyst.

Sommar i  Vest er på facebook, Sjå her, sida blir oppdatert med bilete frå dei ulike aktivitetane.


Påmelding

Påmelding opnar 9. juni 2018 – Førstemann til mølla…


Kontakt

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med oss:

  • Fjell :
    Vigdis Taranger, 454 83 661 (kulturavdelinga)
    Ivar Einarsen, 954 39 430 (kulturavdelinga)
  • Sund:
    Hilde Kristin Egeland, 971 78 832 (kulturkontoret)
    Tone Stikholmen 992 12 952 (ungdomskontoret)
  • Øygarden:
    Liv Edel Mikkelsen, 986 55 190 (kulturkontoret)
Publisert i Ukategorisert | Kommentarer er skrudd av for Sommaraktivitetar for ungdom i Fjell, Sund og Øygarden