Aktivitetar

Innhald

  • Sotra Villmarksenter
  • Synth workshop
  • SUP (Stand up paddling)
  • Camp Hitsøy
  • Rap/Hip hop med Selim Multic
  • Fotokurs
  • LAN-party

Sotra Villmarksenter

Fredag 21. juni

Bli med på ein kjekk dag i regi av Sotra Villmarksenter! Det blir ulike aktivitetar som øksekasting, pil- og bogeskyting, luftgeværskyting, bunkerstur med meir.

Tid | Stad
Kl. 10.00 Oppmøte på Fjell gard(ved Russarstegen)
Kl. 15.00 Vi tilbake på Fjell gard

Pris
Kr. 100,- inkl. lunsj (grillmat)

Påmelding 


Synth workshop

Måndag 24. juni

Vil du vita kva utstyr Kygo og Allan Walker brukar når dei produserer musikk? På denne workshopen med Henrik Angermund får du å prøva forskjellige synthar og musikkinstrument  som blir brukt til å laga elektronisk musikk.

Alle må ha med seg headsett med mini-jack tilkobling.

Tid | Stad
Kurs 1 – kl. 10.00 – 12.00
Kurs 2 – kl. 13.00 – 15.00
Hjeltefjorden arena, sosialt rom

Pris
Kr. 100,-.
Ta med mat og drikke

Påmelding kurs 1 | Påmelding kurs 2


SUP (Stand up paddling)

Tysdag 25. juni

Instruktør Maria Dalland og Rune Solberg vil lære deg korleis du padlar SUP!
Kle deg etter vèret, og ta med deg tørt skift.

Tid | Stad
Kl. 11.00 Oppmøte på Glesvær kai
Kl. 15.00 Slutt

Pris
Kr. 100,- inkl. lunsj

Påmelding


Camp Hitsøy

Tysdag 25. til torsdag 27. juni

Bli med på årets spenningseventyr i havgapet! Tredagars camp på Hitsøy. Overnatting i Bergen og Omland Friluftsråd sitt hus. Det blir mange spennande friluftsaktivitetar som sjøaktivitetar, bading, havfiske, fiske frå land, tur og mykje meir.

Tid | Stad
Kl. 11.00 Oppmøte på Møvik kai (tysdag)
Kl. 16.00 Slutt (torsdag)

Pris
Kr. 500,- inkl. alle måltid.

Ta med
– Klede etter været
– Toalettsaker
– Badehandkle
– Sengetøy/sovepose

Samarbeidspartnarar
Sotra Villmarksenter og Bergen og Omland Friluftsråd.

Påmelding


Rap/Hip hop med Selim Mutic

Onsdag 26. juni

Bli med å lage din eigen rap saman med Selim Mutic, også kjent som rapperen Action The Man! Du vil få jobba med tekst frå inspirasjon til ferdigstilling med hovudvekt på kreativitet.

Tid | Stad
Kl. 11.00 Oppmøte på sosialt rom i Hjeltefjorden arena
Kl. 15.00 Slutt

Pris
Kr. 100,-
Ta med mat og drikke.

Påmeling


Fotokurs

Torsdag 27. og fredag 28. juni

Mobilfotografering- og redigeringskurs med OK-Foto. Ta med deg mobil og bli med på eit lærerikt kurs over to dagar der du vil få opplæring i variert fotografering og avansert redigering av bilete. Vi vil vere både inne og ute med portrettfotografering, landskap og abstrakte motiv.

Hugs mobilladar!

Har du speilreflekskamera kan du ta det med, men då må du også ha med pc og gjerne ein mobil.

Tid | Stad
Kl. 10.00 Oppmøte Fjell folkeboksamling, Sartor Storsenter
Kl. 14.30 Slutt

Pris
Kr. 200,- for begge dagane. Ta med mat og drikke.

Påmelding


HordaLAN – LAN party

Helga 28. til 30. juni

HordaLAN har sidan 2012 arrangert LAN-party for ungdom i Fjell, Bergen og omegn. Dei har fokus på aktivitet, leik og spel. Ta med eige datautstyr.

 Tid | Stad
Kl. 17.00 Oppmøte (fredag) i Ågotneshallen
Kl. 12.00 Slutt (sundag)

Pris
Kr. 150,- for heile helga
120 plassar

Overnatting
Sjå meir informasjon om overnatting her

Påmelding
Følg med på Hordalan for meir informasjon om påmelding. Starter i løpet av neste veke.